Minimum Digital Kompetanse

februar 24, 2015

Ein kan vel skriva Minimum digital kompetanse eller Minimum_Digital_Kompetanse viss det skal vera ein variabel i eit program. Kva veit eg. Eg er ein skrivande dyslektikar, nett som Erna Solberg. Reglar for rett stavemåte kan eg knapt. Heiter det til dømes lærerane, lærerne eller lærerene? Det veit eg ikkje. Det kan eg ikkje sjå. Jo, eg kan det. Det er eit raudt strek under orda så noko må vera feil.   Det heiter lærarane. No er den raude streken borte og sannsynet for at ordet er rett stava, er stort.

Når ein av dei fem sansane vert øydelagt eller svekka, vert ein av dei sansane ein har att sterkare. Vert eg blind, kjem eg til å høyre betre. Eg veit ikkje om det er heile sanninga. Men sjølv om stavedugleiken min er svekka, så har det vakse fram ein sær eigenskap. Eg ser ikkje om det manglar ein bokstav i orda eg skriv, men manglar det mellomrom etter komma, det ser eg. Og nokon gonger står mellomrommet framfor, skrekk og gru. Eg hugsar Erna Solberg rota med mellomromma på Twitter. Då vart eg oppskaka. Så oppskaka at eg tvila på om ho kom til å vera statsminister særleg lenge Men no veit eg betre. «Sånn skrive eg. Kan hende eg når fram til deg òg,» meiner ho. Kan hende ho vert statsminister lenge.

Det kjem ikkje noko godt utav å gøyma seg og vera noko anna ei er. Og dysleksi er vel ikkje noko å skamma seg over?

AvdelingforVidareGåandeOpplæring send i dag ut ei spørjeskjema om vår digitale kompetanse. Det er jo så mykje snakk om det no for tida. Og no vil AVGO kartlegge han og rekne ut prosenten. Kva kan du og kva kan du ikkje, kunne dei ha spurt. Skriv og fortel. Du kan skriva på nynorsk eller bokmål. Du vel sjølv. Er du meir komfortabel med å skriva på engelsk eller tysk, går det og bra. Vi har rådgivarar.

Men nei, vi lever i ei digital verd. Trykk på knappane så slepp du å fortelja noko som helst. Berre ein radioknapp kan vera inntrykt. Kva gjer ein då når ein jobbar på to skular? Kva gjer ein når ein ikkje hugsar kven som fyrst fortalt om NDLA og heile spørjeskjema hang? Det var ikkje mogleg å koma vidare. 87% ferdig, berre 13% att. Eg vart arg. Eg ville skriva noko stygt. Men til kven?

http://www.ntfk.no/Sider/ansatte-avgo.aspx

Austmo,Ove Funksjonsleder fagopplæring
Bjørgvik, Johan Lærling
Bjøru Anders Daglig leder
Bruem, Tore Funksjonsleder skoleutvikling, plan og struktur
Brunes, Marit-Bostadløkken Konsulent
Damås, Marit Størvold Rådgiver
Eriksen Lise Prosjektleder
Feragen, Kari Konsulent
Forfang, Kristoffer Spesialrådgiver
Grande, Angelika Spesialrådgiver
Grande, Oddrun Spesialrådgiver
Grønnesby, Kari Rådgiver
Hagen, Ulf Jarl Rådgiver
Hanssen, Lill-Ann Mellingen Spesialrådgiver
Haraldsen, Annikken Kjær Prosjektleder
Haugland, Toril Funksjonsleder inntak, formidling og dokumentasjon
Hepsøe, Brit Konsulent
Holien, Bjørg Konsulent
Iversen Vegard Fylkesopplæringssjef
Kjelvik, Linn Krogstad Konsulent
Klaussen Kristin Gustavsson Rådgiver
Kvam, Bente Spesialrådgiver
Larsen, Jan Håkon Spesialrådgiver
Luktvasslimo, Monika Prosjektleder
Mauseth, Jenny Urvold Lærling
Møller, Maria Tanem Spesialrådgiver
Nyhus, Vigdis Spesialrådgiver
Nysæther Mette Konsulent
Olstad, Anne-Lise Rådgiver
Opdahl, Arnhild Rådgiver
Pedersen Randi Inderdal Konsulent
Pedersen, Lisbeth Spesialrådgiver
Rangnes, Eva-Irene Rådgiver
Røsæg, Randi Hagnes Rådgiver
Sakshaug Harald Rådgiver
Sjøli, Frank Spesialrådgiver
Skjelvan Hege Beate Rådgiver
Skotvold, Siri Konsulent
Skulbru, Hege Vigdisdatter Rådgiver
Storstad, Per-Kristian Rådgiver
Svendsen, Even Fossum Assisterende fylkesopplæringssjef
Sæther Randi Rådgiver
Vestnor, Arne Jostein Rådgiver
Årbogen,Elise Holtan Pavall Konsulent
Aasegg, Grete Kristin Rådgiver

Her var det mellomrom, men komma?

 

 

 

 

Advertisements