Ordblind solformørkelse

mars 20, 2015

Dei sa eg var ordblind. Eg skjøna ikkje kva det var. Eg såg jo. Frøken på skulen sat raude strek under orda eg skreiv og summerte alle streka ho laga, men blind? Nei, då gjekk du med kvit stokk.

Ein blir bind dersom ein ser mot sola, sa dei vaksne. Du eg høyrde det, gjekk beint ut og såg på sola. Reversibelt eller skal eg seie ikkje reversibelt, er ord eg kjenner tydinga av i dag, men ikkje når eg gjekk på folkeskulen. Eg trur ikkje eg visste kva farleg var heller. Eg såg lenge på sola. Eg måtte halda augelokka ope med fingrane. Sola var ikkje gul, ho var kvit. Såg eg prikkar? Var det solflekkar eller var det flekkar i auga. Til slutt var alt kvitt. Etter ei tid kunne eg sjå igjen. Eg gjekk i til vaksne å sa ein vert ikkje blind av å sjå på sola. Det er berre tull. Det hadde eg no funne ut av. No stod det att å syne dei at eg heller ikkje var ord blind.

No skal eg ut å sjå på sola igjen. Eg skal sjå om månen kjem framom sola.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: