Routerar og anna rart frå NDLA

februar 20, 2014

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit fylkeskommunalt samarbeid som har som mål å tilby frie, opne læremiddel på Internett, i alle fag i den vidaregåande skulen.
Kjelde: http://nn.wikipedia.org/wiki/Nasjonal_Digital_L%C3%A6ringsarena

Dessa læremidlane skal sjølvsagt vera for alle. Dei flinke elvane som les med ulik fart. Finn dei dårleg tekst, hopper dei raskt vidare. Men læremiddel må òg vera for dei lesesvake. Dei som les med same fart same om teksten er enkel eller vanskeleg. Det er eit tema denne bloggen kretsar kring.

Hadde eg ikkje på førehand visste kva teksten handla om, hadde eg ikkje forstått så mykje av å lese dette.

«Routeren har ein tabell over dei nettverka han er kopla til (anten direkte eller via andre routerar), kalla ein routingtabell. Avgjerdene om kvar ein pakke skal vidaresendast, blir gjorde ved å sjekke mottakaradressa til pakken opp mot tabellen, på denne måten kan datatrafikk flyte mellom fleire forskjellige nettverk.»

Dataspråket er engelsk. Det veit vi, men fleire og snakkar no norsk, så kvifor skal NDLA halda fast på engelsken? Wikipedia gjer det ikkje.

«En ruter (fra engelsk router) er en maskin som videresender nettverkspakker (for eksempel IP-pakker) til riktig mottakernettverk. Ruteren har en tabell over nettverk den er koblet til (enten direkte eller via andre rutere), kalt en rutingtabell. Avgjørelsene om hvor en pakke skal videresendes blir avgjort ved å sjekke mottakeradressen til pakken opp mot tabellen. Ruter opererer på lag 3 i OSI-modellen.»

Kilde: Wikipedia

Og nå ble det klart kor den rare setningen: «Avgjerdene om kvar ein pakke skal vidaresendast, blir gjorde ved å sjekke mottakaradressa til pakken opp mot tabellen.» Han er ein ord for ord oversetning av: «Avgjørelsene om hvor en pakke skal videresendes blir avgjort ved å sjekke mottakeradressen til pakken opp mot tabellen.»

Kvifor ikkje skrive: «Ein ruter koplar saman ulike nettverk. Rutingtabellen er ein tabell som syner nettverka som er kopla til ruteren. Når ruteren mottek ein datapakke samanliknar han mottakaradressa i datapakkene med rutingtabellen og sendar datapakkane som skal til eit anna nettverk dit.»

Og har ein ikkje noko mot bokmål kan ein jo lesa teksten med høg kvalitet frå SNL.

«Ruter, spesialisert datamaskin som håndterer forbindelsen mellom to eller flere nettverk. Ruteren leser adressene til de pakkene som passerer gjennom den, sjekker mot ferdiglagrede rutingtabeller og sender dem så videre på rett vei (jfr. pakkesvitsjing).

Rutere spiller en sentral rolle bl.a. i Internett, der de formidler meldinger fra vertsmaskin til vertsmaskin over store avstander, inntil de når målet. Hver maskin på veien sjekker adressen mot rutingtabellene sine og treffer valg om veien videre.

Rutere forveksles ofte med broer, som har en tilsvarende funksjon. Broer fungerer imidlertid på et lavere nivå, og det meste gjøres i selve maskinvaren. Rutere har programvare som gir større funksjonalitet, og som bl.a. tillater analyse av adresse og rutingdata for å finne den optimale vei videre mot mottager. I tillegg kan rutere også brukes til å filtrere meldinger og videresende dem etter nærmere fastlagte kriterier, for f.eks. å sikre at meldinger med følsomt innhold holdes innenfor en bestemt del av et nettverk.»

Men det kan ein ikkje godt gjera. Teksten har «begrensa lisens», og eg skal sletta han når SNL-redaksjonen ber meg om å gjera det.

Kjelde: http://snl.no/ruter%2Fi_datanettverk

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: