«Klasseledelse»

mars 19, 2012

Nyttige idiotar for fryktbransjen

Det er frå grekarane ein skal ha det. I dialogen Faidros fortel Platon sin hovudprotagonist Sokrates ei segn om den egyptiske kongen Thamus. Thamus blir vitja av guden Theuth, som tenkjer å gje Thamus alfabetet i gåve. Denne gåva vil gje folket i Egypt kapasitet til å hugse alt. Kongen reagerer med skepsis og hevdar at alfabetet vil verke motsett.

 I staden for å fremje minne vil skrifta fremje gløymsle, av di folk vil hente minnet sitt frå framande teikn utanfor seg sjølv, ikkje innanfrå. Dette er ei utvikling og ein teknologi kongen ikkje ønskjer, og Sokrates sluttar seg utan vidare til dette.

 Det går ei linje frå denne segna til dagens diskusjonar om kunnskap og teknologi. Med jamne mellomrom står engstelege lærarar fram og fortvilar over at dei har mista kontrollen over klasserommet, og dei gjev datamaskina, og særleg sosiale medium som Facebook, skulda.

http://www.forskning.no/artikler/2011/mars/283049

I år satsar Steinkjer vgs òg sterk på «klasseledelse». For meg eit nyord som eg ikkje heilt forsto var turvande å bruka, for kva har eg gjort i mange ti-år anna enn å leia og vegleida elevane? Kan hende det ikkje har vore gått nok, etter di heile skulen vart stuva saman i det store auditoriet på høgskulen til foredrag. Kan hende vi skal  læra nok nytt som vi før ikkje har lært og ikkje har vore i stand til å finna ut av sjølve?

Ho som styra PowerPointen var ei ung, energisk dame som hadde vore rektor på ein liten barneskule i ei lita bygd i skogen ein plass på austlandet Ho hadde det kjekt der, men etter kvart fann ho livet der stussleg. Ho søkte nye utfordringar som det heiter.  Ho fann ein ungdomsskule som hadde gått heilt av hengslene. Der var mykje å ta tak i. Eg nemnde ho var energisk og ung.

Ho fortalde korleis ho til slutt fekk elevane til å gå inn når dei skulle og ut når dei skulle – til rett tid. Ho fekk med andre ord døra på hengslene att.

Ho ga oss ei lekse til neste samling. Vi skulle kartleggja kaosfaktorar.   Det var òg eit nyord for meg.  Eg har høyrt om suksessfaktorar. Ein særs viktig suksessfaktor er «forankring i ledelsen». Det gjeld i ein kvar organisasjon. Gjer ein noko og sjølv om det er eit framifrå arbeid du gjer, men gløymer å informera leiinga om kva du gjer. Då vert leiinga lei seg, og  du kunne like godt ikkje ha gjort det, for nokon suksess er det ikkje snakk om og lønsauke kan  du sjå langt etter.

Men kva kunne ein kaosfaktor vera? Eg skjøna omgrepet, men kunne eg finna ein einaste ein om eg leita høgt og lågt.  Nokon kaoskartlegging med mange faktorar samla samen til eit heilt produkt. Det var meir eg kunne få til, men ein einaste faktor  måtte sjølv eg , ei blind høne, finna.

Klassen har same klasserom kvar time heile uka.  Så nokon vandrarklasse er vi ikkje. Ikkje noko kaos med å pakka ransel og få med seg tinga til neste rom. Enn elevane då? Nei, sjeldan har eg hatt ein klasse med slike elvar. Skal eg får uro i klassen må eg laga uroa sjølv. Så eg møtte opp til andre samling med leksa ugjort.

Men i ein kvar klasse er det flittige jenter som ikkje  tør møte opp utan at leksa er gjort. Slik var òg her hjå lærarane. Når den energiske dama spurde om vi hadde funne nokon kaosfaktorar, rakk ei av dei flittige opp handa og kom fasitsvaret: PC-en!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: