Absolutt Oslo

september 12, 2011

Are Kalvø

Vi trakasserer dem for 16 kroner
Det å køyre kollektivt i Oslo kan virke sorglaust. Det er berre å sitte på ein trikk eller ei t-bane og bli frakta dit du skal, og samtidig føle at du gjer ein innsats for miljøet. Sjølvsagt er det ikkje så lett. Om bord på trikken og bana i Oslo er det nemleg mange plager og mykje å vere redd for. Du bør ha sterke nervar for å velje kollektivt i Oslo. Det er frykta som dominerer på trikken og bana. Frykta er normalt ein einsam ting. Hos Oslo Sporveier er frykta kollektivt, og det er endå verre.
For det først har du frykta for ikkje å komme deg av i tide. I rushtida kjem det på nye og store mengder med passasjerar på kvar stasjon slik at du blir presa lenger og lenger innover i vogna, heilt til du står samantrykt med femti passasjerar mellom deg sjølv og døra. Det er då toget stoppar på din stasjon, og for å komme deg av, må du gjennom tre kameratflokkar og to kjerestepar, forbi fem skravlande sektretærar med nylakka negler, over ein barnehage som trur dei sit i ei sandkasse (og eter at hundr emenneske har trampa inn og ut med skitne sko så er ikkje det heilt usant), mellom beina til ein forretningsmann, gjennom fem intime venninepar, og over seks barnevognar, alt i løpet av dei fire sekunda dørerne er opne.
Ei liknande frykt er frykta for ikkje å rekke det korresponderande toget eller den korresponderande bana. Rutene er til ei kvar tid lagt opp sik at dersom du spring omtrent som Carl Lewis, så rekk du akkurat over til den andre perrongen i tide til å storme inn på toget ditt før dørene klappar igjen så tettbak deg at du er glad for at du ikkje hadde flette i nakken. Etter dette er du så utkøyrd at det går ti minutt før hjernen verkar som normalt igjen, og du at Oslo Sporveier også i dag ligg tre minutt etter ruta og du er på feil tog.
Frykta for å bli ramma av medpassasjeranes olme blikk er også alvorleg. Det å ha beina i setet resulterer for eksempel alltid i olme blikk. Men forbodet gjeld berre menneske. Dersom du prøver å påpeke det openbert upassande i ein hundeeigar plasserer puddelen sin på setet, så er det du som blir møtt med olme blikk, for hunden skal vi ikkje seie noko stygt om. Det er visstnok greitt at ein omfangsrik bastard ligg og slevar midtgangen så gamle folk sklir og bryt lårhalsen. Og det er vissnok folkeskikk å late som du likar at eit illeluktande pelsverk bit i buksekanten din eller lar snuten og tunga gli oppetter leggen din. Då skal du bare klø udyret bak øyret, smile til eigaren og gi et kompliment.

Audun

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: