Fantasiblikket

februar 21, 2011

Ein dag skulle vi skriva stil om den kulørte vekepressa. Læraren hadde ikkje noe til overs for den kulørte vekepressa. Det var liksom ikkje Ibsen for å seia det beint fram. Eg starta stilen med å skriva kor dumt det var, det som sto i vekepressa, og tok opp att mykje av det læraren hadde sagt. Etter innleinga skulle eg skriva kvifor eg meinte det eg nett hadde skrive. Eg hadde jo aldri gjort anna enn å blad i eit vekeblad. På stova fann eg vekeblad og bladde meg fram til ei stutt novelle. No skulle den kulørte vekepressa slaktast. Eg las medan eg skreiv. Det var fyrste gong eg hadde lese ei heil vekebladnovelle. Eg fann historia spanande og måtte til slutt skriva at eg tykte om novella. Innhald vart med det noka sprikande og læraren var ikkje nøgd med stilen.

Kvifor startar eg med å skriva om denne hendinga frå gamle dagar? Jo, for å minne meg på at når ein les ei tekst så lese ein teksten gjennom briller av fordommar og tidlegare erfaringar. Helge Torvund har skrive boka Fantasiblikket. Boka handlar om Petra som ikkje klarar å lesa. Mor, far og læraren slit med å få ho til å forstå bokstavane og orda. Ho tenkjer i bilete og ikkje i ord.

Eg veit ikkje om der er slik at det finst to typar menneskje. Ein type som tenkjer med ord og ein som tenkjer i bilete. Ein gong eg snakka med ein lærarar som arbeide med elevar som har dysleksi sa eg: «Eg har heller ikkje nokon ord i hovudet.  Eg kan sjølvsagt sjå på vegen og seie til med sjølv: «asfalt» og tenkjer er meg om ei stund kan eg seia: «svart asfalt». Eg vert forundra når nokon seie for å huska vegen må dei seia til dømes: «Eg går forbi det raude huset og tar til høgre når eg har passert det. Så går eg ned den bratte bakken  og tar til venstre ved det gule huset med flaggstonga.»

Petra i Fantasiblikket er som andre jenter. Ho likar kodeleikar og fantaserer mykje. Når  dei vaksne les for ho, ser ho handlinga føre seg i sitt indre blikk. Men ho har vanskar med ord, ho vert sint og slenger boka i veggen når ho skal lesa orda som hoppar og dansar, og ho ser ikkje skilnaden på p, d og b. Ho vert difor forundra når Multimannen med det gråe og store skjegget dukkar fram bak garrdina og fortel at ho har ei gåve. «Eg har berre problem,» svarar ho: «Eg har problem med å lesa, problem med å skriva, problem med far, problem med mor, problem med læraren og problem med leksa.»

Saman med Multi opnar dei i dør til eit klasserom uten golv. Der fortel Multi om fantasiblikket og han lærar henne å feste det så det ikkje sviv rundt bokstavane som eit helikopter.

Ideen til boka fekk Helge Torvund etter å ha lese Ronald D. Davis Den dyslektiske gåven. Det hadde eg òg nett gjort då eg fekk tips frå Beate om å leste Fantasiblikket. Torvund har laga ei fin historie om Petra som gjennom møte med Multi kjem vidare med lesinga.

Marius Emanuelsen har òg omtalt Fantasiblikket. Han har ikkje dysleksi og kjenner heller ingen som har det. Han er nok ein verbal tenkjer og skriv difor meiningar med mange ord.  Fordi vi har ulik bakgrunn, så ser vi nok ulikt på boka. Torvund fekk idéen til boka etter å ha lese Den dyslektiske gåven. Hadde Emanuelsen òg lese denne boka hadde vi kan hende vert meir samstemde i synet på boka. Eg tykkjer Torvund har gjeve Davis-metoden for dysleksi-korreksjon ein fin framstilling. Bjørn Ousland har teikna fine teikningar som den likar bilete betre enn ord, kan gå inn i.

Eg tykkjer  Marius Emanuelsen gong på gong visar kor lite han veit om dysleksi og den lille boka til Torvund er ikkje nok til å gje han den kunnskapen. Slik er det ofte, det er dei som aldri har opplevd vanskar med ord som skal lære dei som har det. Eg skal ta for meg nokre punkt der eg er ueinig med Emanuelsen.

Dyslektikar har ei rikare verd enn oss andre, trur han. Og det kan han berre tru, det er vanskeleg å kontrollera.

«Ein dyslektikar er ein som ser for mykje og difor slit med sortere ut det viktige frå det uviktige,» skriv han. Nei, slik er det ikkje, meiner eg.

Når bokstavane Petra ikkje klarer å fanga, vert samanlikna med Tantalos frukter i underverdene, tykkjer eg Marius Emanuelsen vert særs fantasifull og visar at han veit meir om gresk gudelære enn dysleksi.

Når Marius Emanuelsen slit med å få tak på kva boka Fantasiblikket eigentlig handlar om,  slit eg med å forstå desse orda: «Og en fortelling der dyslektikeren blir den sanne poet, den sanne forsker – heller for intelligent for sitt eget beste enn en som henger etter.» Er det ironisering over dyslektikar?
Tekst: Helge Torvund
Illustrasjoner: Bjørn Ousland
Fantasiblikket
Pedagogisk barnebok om dysleksi
ISBN 9788281400429
83 sider

Wigestrand 2008

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: