Datahatar

november 28, 2010

Eg har før skrive om omgrepet datadys. Du finn det ikkje i noko ordbok. Du må leite lenger ned på bloggen for å finne ut kva eg meiner med datadys, men kva ein datahatar er, skjøner du vel. Han eller ho hatar alt som med data å gjere. Dei lir kan hende av datadys. Kan hende har dei mykje å gjere, kan hende finn dei data skummelt. Ofte meiner dei alt var betre før, før pc-en kom.

Datahatarane er stolte av ikkje å vere på Facebook. Kvifor skal eg vite kva andre har til middag? seier dei og tykkjer dei har eit godt argument for ikkje å vere på nett. Datahatarane klipper ut artiklar frå papiravisene og heng dei opp på korktavlene. På Facebook treng du ikkje vere, eg har vore der og der skjer det ingen ting, seier datahatarane. Betalt får dei òg for å vite så mykje. Elevar lærar best på den gamle måten sto det nett no i avisene. Var det ikkje det eg har sagt heile tida, seier datahatarane. At god læring er viktig, det er eit argument ingen kan krangle om.

Datahatarane likar fortida betre enn framtida. Når elevane skriv med penn med turrblekk og teiknar teikningar med tusja strek og fargelegg dei med fargestiftar, tykkjer det det er gildt, så gildt at dei ynskjer karakterskalaen hadde tosifra tal. Noko sånt greier du nok ikkje å få til på data, seier dei triumferande til meg, og eg som har ivra for pc-løysingane må sjå meg slått. Eg laga mange tusjteikningar når eg gjekk på skulen for femti år sidan. Ein dag har tenkt å skanne dei å leggja dei på ein blogg, men det seier eg ikkje til datahatarane.

Korleis er verda om femti år. Eg er daud, men få av elevane mine er det. Fekk dei lære det dei trong? Eg fekk lære om att og om att at det skulle vere ein L i aldri og to i alltid. Hugsa eg ikkje det, måtte ei skrive det tri gonger. Gløymde ein L i alltid eller skreiv ein L for mykje i aldri i rettinga òg måtte eg retta rettinga. Trong eg denne kunnskapen? Førebudde han meg til framtida? Eller var dei straff for å plage læraren med urein skrift. Visste vi korleis framtida kom til å vere for femtid år sidan. Nei, sjølvklart ikkje. Bry deg ikkje så mykje om ortografien du, Kjell Arild. Skriv det du tenkjer på, slepp fantasien laus. I framtida kjem ein maskin til å rette opp feila du gjer, så eg seier: berre skriv! Var det nokon som sa det? Nei, eg slutta å skriva. Reglar som hadde unnatak var ikkje noko for meg.

Kjenner du opplæringslova? Trur du framtida er nemnd der?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: