NDLA og påskeegg

april 5, 2010

Eg sit og et dei siste påskeegga og ser på NDLA sine sider. At egg har skall veit eg. Difor syg og tannar eg på påskeegg-glasuren. NDLA har ei startside med god oversikt. Når eg har tanna meg gjennom glasurskalllet på påskeegget er det berre eit tynt lag med sjokolade før eg framme hjå marsipanen.

Hjå NDLA får du ikkje smaka marsipan før du har lese omatt og omatt setningane om at her kjem noko nytt og spanande snart. Som ei heimeside frå 90-talet, er side med side merkt, ikkje med den gule gif-animerte gravemaskina, men med ei gul sol som tydar det same og dei blå betafigurane eg har skrive om i det føre blogginnlegget. Kvifor ikkje vere ærleg: skule og læremiddel er ikkje spanande. Og det som kjem er ikkje betre enn det som er.

Kva finn du under Meny? Og kva trur du finn under Tema? Enn Læreplan, trur du finn læreplan under Læreplan? Kvart einaste fag et full av metatekst om kva du finn og kva du kjem til å finna her ein dag. Eg har funne saftig marsipan på NDLA sine sider, men jaggu har eg tanna med gjennom eit skall som var meir tjukt enn skallet på påskeegget.

Advertisements

5 kommentar to “NDLA og påskeegg”

  1. Harald Ottesen said

    Det er vel mest for fagfolk, dette? Du nemnte ikkje denne bloggen då eg spurde….
    Korsom er, vel overstått Påskehøgtid. Eg vart krossfest; for ned til dødsriket,prøvde å henge meg på Jesus trie dagen, men han var for glatt. Så no grev eg meg oppetter med eigne krafter. Uvisst kvar dette ender. Har omsider tatt for meg Kafka på stranden. Bra. At eg ikkje gjekk laus på den før. For kort, synst eg. 5000 sider vore betre. Kva fan er Buzz?

  2. @Harald Eg syns det er særs bra med alle som tek seg tid til å kommentera bloggar. Eg skil ikkje mellom fagfolk og folk, like lite som eg skil plomme og kvite når eg lagar omelett.

    Kafka på Stranden meiner eg òg var bra, med min lille litterære kunnskap vil eg seie at boka var perfekt. Las nett no Sputnik. Kort men flott.

    Det er mykje fuzz om Buzz, det er ikkje der eg misbrukar meste av tida mi.

    Takk for at du kommenterte. Jesus steig opp til himmels i ei eldvogn hugsar eg. Grev du oppover eller nedover?

  3. Harald Ottesen said

    Eg har framleis meir enn 100 sider att av Kafka på stranden. Vil liksom ikkje at boka skal ha nokon ende.
    Opp eller ned;- eg hadde tenkt meg opp i dagen, men i ingenmannsland er det liksom ikkje skilnad på opp og ned. Slik er det visst når ein ligg under fleire meter snø og. Eg trudde det var Elias som vart henta av ei eldvogn?
    Kanskje grev eg meg opp i Kina…..

  4. Med andre ord ei god bok. Kafka på stranda er den beste, meiner eg. Men det kjem fleir veit eg. Å var det Elias, kven var det? Han må vere frå gamaltestamentet.

    Eg undrar på om påskemarsipanen no er til sals til halv pris.

  5. […] NDLA og påskeegg April 2010 4 comments 4 […]

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: