NDLA beta?

mars 30, 2010

Ndla set eit blått beta-stempel på nokre av sidene sine. Dei forklarer merkinga slik.

Betamerking betyr at løsninga ikke er ferdig utviklet. I tillegg til mye mer spennende innhold vil det komme flere tema- og menyinnganger. Så snart som innholdet er kvalitetssikret vil dette bli gjort tilgjengelig på sin plass i systemet.

Ndla tek mål av seg til å vere ein moderne digital innhaldsleverandør til norsk skule. Denne beta-merkinga syner at dei heng att i fortida. Vi har alle  testa beta-programvare og venta på det endelege feilfrie programmet, men det var i Windows 3.11 tida. No når vi er på veg mot Web 3.0, bør NDLA ha ei meining om Web 2.0 og ikkje gje nettstaden eit Web 1.0 preg.

Ein web 2.0 nettstad er ein nettstad kor brukarane leverer,  diskuterer og forbetrar innhaldet. Den er ein levande nettstad. Den blir aldri «ferdig utviklet» den er alltid beta.  nrkbeta og beta. regjeringen skjønar kva som ligg i omgrepet Web 2.0. Skjøner ikkje NDLA det snart, er eg redd NDLA snart blir «ferdig avviklet».

Reklamer

3 kommentar to “NDLA beta?”

  1. Eh… litt uklårt for meg kva du eigentleg meiner her. Er eit beta-stempel bra for NRK, men dårleg for NDLA, av di NRK skjøner kva som ligg i omgrepet Web 2.0, men ikkje NDLA? Kva er då Web 2.0 og koss forheld det omgrepet seg til omgrepet «beta?»

  2. Godt at du gir slike innspill!

    Vi bruker «Beta» for å markere at enkelte fag bare har på plass det vi mener er gode sider for faget, men at det mangler mye for at det skal kunne brukes som et bærende læremiddel (dekke fagets læreplanmål på en god måte).

    Typisk vil Betamerket brukes i fag som har status «mini-redaksjon». Deres mandat er ikke å lage bærende læremidler, men i første rekke få til sider som faglærere og elever setter pris på.

    «Beta» er en markering som blir brukt på nett i en noe inkonsistent form, men vi føler at vi med en slik merking (+ en liten forklaring) klarer å formidle at fagsidene ikke representerer det NDLA mener er et fullverdig digitalt læremiddel for sitt fag.

    Hvis mange er enig med deg i at «Beta»- merket vårt ikke evner å formidle dette skal vi ta det bort.

    Øivind Høines
    Leder NDLA

  3. 23om20 said

    Eg meiner skilnaden er stor på bruken av beta-stemplet hjå NDLA og beta-omgrepet hjå NRK og regjeringa. NDLA vil ha bort beta-stemplet så fort som mogleg. Å vere beta er noko ein ikkje ynskjer å vere. Dei ser fram til sidene er utan feil, godkjend og med høg kvalitet.

    NRK.beta og regjeringa si beta-side har godtek at dei er beta, og er kjend med kva det tyer: aktiv deltaking frå brukarane. Det fyrste som møter deg på beta.regjeringen er eit spørsmål om kva du ynskjer. NRKbeta har diskusjonar. NDLA viser til Del og Bruk for diskusjon.

    I oktober i fjor kommenterte ein bruker ein feil på ei side. Feilen er ennå ikkje retta. Personlig har eg stor toleranse for feil, men når ingen ting skjer kan ein tru NDLA-redaksjonen drog på påskeferie i oktober. 🙂

    Eg liker den gule stjerna betre enn den blå. «Under produksjon» er forståeleg. Beta kan ein, som nemnt, forstå på ulike måtar. Hadde det vore ein idé å kalle NDLA for NDLAbeta og opne for brukardiskusjonar. Kan hende elevane òg ynskjer å delta på ein beta-nettstad.

    Legg merke til dette: http://23tingom2null.wordpress.com/1-om-web-2/

    Beta tyer noko som blir betre og betre.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: