It’s learning er ubrukeleg

september 15, 2009

It’s learning har nokre gode sider, men i dag vil eg skrive om ei side som gjer It’s learning mest ubrukeleg for meg. No har eg i eit år skreve nokre blogpostar og skreve eit og anna svar.

Så her ein dag dukka det opp ein diskusjon på ei fagside i It’s learning. Eg er van med å skriva no. Eg kan skriva både på bokmål og nynorsk. Di meir eg skriv di stuttare vert lengda frå tanken til tastaturet. Eg kasta meg fram på og byrja å skriva. Men med eit vart eg var noko fælsleg. Firefox sin stavekontroll verka ikkje i It’s learning! Han verka ikkje!

Sei i frå dersom du veit betre enn meg. Eg har prøvd litt og funne ut han verke nokre plassar, eller rettare sagt han verke ein plass: i tilfeltet til meldingane. Det meiner eg er ubrukeleg.

Eg kan skriva i Ning-stader som Del og Bruk, eg kan skriva i Twitter og blogge i WordPress og Blogger. (To sekund tok deg meg å bytta til engelsk. Då såg eg at hadde skreve: Worpress.) Alltid er den gode hjelparen stavekontrollen for handa.

Eg skjønar sinne hjå ho som ikkje rakk opp til valsedlane. Eg har har lært eit nytt ord: Universell utforming. Alle skal med. Vi er einige om det. Men i It’s learning skal ikkje alle med. Skrivesvake lærarar og elever får ikkje nytta hjelpemidla dei er vane med. Ikkje kom med kommentaren: Du kan jo fyst skriva i Word og så lima inn teksten i It’s learning. Det vil eg ikkje gjera meir, nå når eg veit kor god og rask stavekontrollen i Firefox er.

Eg seier farvel til It’s learning. Det var nok ikkje nokon plattform for meg. Eg vil byggja med Blogg og Wiki. Er det  fleire enn meg som ser at It’s learning forlet plattformen og tuffar vidare inn i skoda? Vi som står att finn nok fine verktøy på nettet til det vi skal gjera.

Advertisements

4 kommentar to “It’s learning er ubrukeleg”

  1. evabra said

    Jeg kan så vel forstå frustrasjonen, man må forvente at man kan få utnyttet de hjelpemidlene man er vant med på en effektiv måte uten å gå via omveier. På andre siden må jeg si at min erfaring med læringsplattformer er at de har mange styrker du ikke finner ellers – så la oss heller håpe at svakhetene fjernes 🙂

  2. 23om20 said

    Et fromt håp. Jeg tror ikke på flikking på læringsplattformene. Jeg tror derimot at det nødvendig med en grunnleggende nytenking.

  3. Bjørg Helland said

    Ja, jeg skjønner deg godt. Og dette eksemplet er dessverre ikke det eneste eksemplet på at læringsplattformene er utdaterte. På mange måter kunne en ønske seg at alle kunne ta i bruk 2.0-applikasjoner som er mer brukervennlige og mindre kostbare for skoleeier. På den andre siden må vi antakelig forholde oss til at mange av brukerne i skoledigitaliteten fortsatt trenger de faste rammene som et LMS kan tilby.

  4. «It’s learning er såå bra,» hørte jeg en elev si helt uten ironi, «der har vi alt samlet.»

    Og det er vel elevenes stemme som er den viktigste i denne debatten, og skal vi komme drassende med ennå noen fikse ting for lærere som nå endelig har oppdaget hvordan rettearbeidet kan gjøres digitalt med it’s learning?

    Jeg mener ja, og minner om Eva 2.0 sin bokIKT i skulensom har et hav av inspirerende artikler.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: